Dagen i dag har vore heilt fantastisk deilig. Har endeleg fått vaska litt klede på vaskeriet 10 meter frå huset, har fått myldra litt rundt essayet som skal skrivast frå den berømte boka vi held på å lese, deretter uendeleg mykje Family Guy watching i sakkosekk-rommet etterfulgt av en fantastisk velkomstfest med våre Argentinske arrangørar eg allereie har lært meg å elske.

På slutten av vår fabelaktige fest skulle Paloma, ei av dei ansatte synge til oss. Det var i ein argentinsk sjanger eg ikkje hugsar namnet på, men det var heilt utruleg! Elskar elskar elskar at eg får så mykje kulturinput, og at til og med mange av medelevane her har like interesser, då spesielt musikk og humor -essensen av alt godt.



Paloma som syng og dansar. Heilt utruleg vakker, også med det morsomaste håret!

I morgon skal vi vere på skulen omtrent heile dagen, wish us luck!

Christine