You are currently browsing the tag archive for the ‘marked’ tag.

Noreg går me søndagstur. I Buenos Aires dansar dei seg ein tango.

Etter ei god natts svevn i mi gode dobbelseng med dobbeldyne, åt eg frukost på taket. Ja, det høyrest eksotisk ut, og det er det. På dei fleste tak her i byen er det ikkje tak, men ein open platting med høg mur kring. Perfekt til å sola seg på, kanskje spionera på naboen, kika på stjerner, ula mot månen, eller eta frukost i morgonsol slik som eg valde. Eg er ikkje heilt kommen i tralten når det kjem til matlaging her, då komfyren enno manglar tilkopling av straum og gass og ei har skruknottar til å styra gassen med, så det vart yoghurt med cornflakes. Men det er ikkje verst å eta yoghurt med cornflakes på eit tak i Buenos Aires…

Gjennom ymse media hadde eg snappa opp at søndagsmarknaden i San Telmo, altså det området som eg bur i, skulle vera verd ein tur. Då stengjer dei av så å seia heile gata Defensa, og så har dei marknad der. Me sala opp apostelhestane våre og dro i veg, og det vart ei oppleving – du store alpakka. Her kunne ein kjøpa litt av kvart… Sjølvsagt var det smykke og armband av alle slag, der var målerier, kassettar (!) med ymse musikk, piper, små dampmaskiner, klede, tasker, trommer, fløyter, koppar og fat, knivar og gaflar, fine skilt til alt som finnest av rom, osv osv osv. Ein artig, gammal kar selde nokre hanar av tre og papir med ein hyssing festa til. Denne kunne ein dra i med ulik kraft og intensitet og få fram dei lekraste  hanegal. Slik gjekk eg og vurderte både det ein og det andre, då eg plutseleg vart vàr at det stod ein haug med folk i kring ein open plass. Øyro mine fanga også opp liflege argentinske rytmar og tonar. Der midt i ringen stod eit nydeleg eldre par som på elegant vis bukserte seg kringom kvarandre i rein og skjær tangolukke, medan eit par tilårskomne gitaristar tonesette det heile. Eg måtte smila til meg sjølv. Dette var det Argentina eg hadde høyrd om, dette var det Argentina eg skal få oppleva.

I kveld har me alle vore samla på Casa Pichincha (no har eg lært meg stavinga…) på fyrste samling. Christian, som er sjefskoordinator for heile opplegget, gjekk igjennom ymse info om studiet, Buenos Aires, tryggleik, osv, og me fekk sjå og helsa på mange av lærarane me skal ha. Etter dette var det grillfest med argentiske pølser og kjøt, med paiar og salatar, og med flaskevis av argentisk vin. Eit liveband spela bluegrass (!), eit par viste oss korleis tango skal utførast,  og ei dame song noko som ein trygt kan kalla World Music. Slik gjekk kvelden over i natt, og etter ein koseleg taxitur er eg no attende i leiligheten og rommet med den gode dobbeltsenga med dobbeldyne. I morgon er det fyrste dag på skulebenken, og me byrjar med ein spansktest for å sjå kva me har av førkunnskap.

Advertisements

Verden er liten! Det fant jeg ut når en australsk fyr, Liam, inviterte meg til å sjekke ut søndagsmarkedet i San Telmo. Han møtte jeg forrige uke, og jammen viste det seg at han hadde bodd 6 måneder i Nice i fjor, og vi har mange felles venner derfra, blant annet bestevenninna mi Emma, ei irsk jente jeg har tilbrakt 2 sommere med på rivieraen.

Hatter, skjerf, fake solbriller til 20 pesos (tror ikke akkurat en ekte Ray Ban bare blir 30 kroner), antikviteter, Simpsons t-sjorter der Homer er i ulike områder i Buenos Aires, malerier av tango dansere, lærvesker osv. Masse å velge mellom hele gågata nedover, og billig. Selv kjøpte jeg et par kule solbriller, til en tidel av prisen jeg kunne kjøpt de for i Norge!

Nede på Plaza Dorrego var det prakket med folk, og vi satt oss ned og delte på en kald pils i varmen. Ikke like hett her nå som i januar/februar, men kan fortsatt sammenlignes til en varm sommerdag i Norge. Deilig. Tangodansere som shower for publikum, og musikalske band som tiltrekker seg store folkemengder.

Dette er livet! Relax, intet stress og god stemning til alle kanter…

– Ine –