Denne veka har vore heilt utruleg intens. Mykje skule, mykje sosialt og framleis mange, mange nye inntrykk! Vi har vore på nye barar, ete på nye restaurantar, sett i nye butikkar og har truffe nye menneske. Vi har vore på marknad, på konsert, på fotballkamp og vi har byrja med yoga. Yogaen er forresten heilt fantastisk og instruktøren er kona til Eduardo, ein av kordinatorane. Det er ganske spesielt å ta solhelsinga til ein faktisk soloppgong, og det å trene på morgonen er utruleg deilig. Etterkvart som det blir varmare skal vi ha timane på verandaen og i parkar. Det blir skjønt!

Ellers kan eg rapportere at Santa Rosa, vår kjære storm, har roa seg ned og flytta ut av byen. No er temperaturen omtrent som på ein norsk solfylt sommardag i Vest-Noreg. Sola er akkurat passeleg varm til å kunne sitte i shorts på terassen, og det er ingen problem å tusle til skulen om morgonane.

No ei lita oppsummering av vekas toppsaker: Marknad og fotball:


På søndag var vi altså på St Telmo marknaden.


Det første eg gjorde var sjølvsagt å kjøpe ein alt for stor sukkerspinn.


Deretter vart vi avfotografert av en koseleg, gamal mann som hadde reist verden rundt.


Masse fint.


Plakatar.


Og ei bod med berre knappar!


Plutselig kom det eit folketog med trommer og musikk!

BUENO!

Så, på tirsdag reiste vi og såg Spania – Argentina på River Plate:


Excited LZM.



Åpningssermoni med vatn+regnbue og konfetti med nasjonane sine fargar.


Kven hadde trudd at eg, fotballhatar #1, skulle befinne meg på River Plate ein vakker septemberdag? Vel, det skjedde, og fantastisk nok så elska eg det! Det var ei heilt heilt spesiell stemning, og Argentinarane hoia og sang som ingen andre kan.


Vi kjøpte sjølvsagt litt snacks undervegs med ein av dei mange tribuneselgarane.


Og til slutt: ein liten svart-kvit pose!

Om ein time blir det barbecue på verandaen med fine folk og god mat. Salut!

– Christine

Advertisements