You are currently browsing the tag archive for the ‘San Telmo’ tag.

Denne veka har vore ganske i ubalanse, og vi har etterkvart ved fleire og fleire anledningar fått oppleve begrepet: i argentinsk tid. På onsdag tok Anna og eg oss ein impulstur ut på byen. Eg tenkte det skulle gå ganske greit for min del, sidan eg ikkje byrja på skulen før klokka eitt på ettermiddagen dagen etter. Anna derimot, var ein skikkelig harding og vart med, til tross for at timen hennar byrja klokka ni dagen derpå. Vi reiste på Puerta Roja (raud dør) i San Telmo og fekk ein heil del nye bekjentskap. Ein brite som såg ut som Inspector Gadget med hatt og frakk, ein høg australier, ein sjenert argentiner (som lot oss i stikken då han såg den store språkbarrieren) og bartenderen frå Israel, som prøvde så hardt han kunne å prate amerikansk slang. Fordi eg på det tidspunktet hverken hadde mobiltelefon eller klokke, vart det litt seinare enn planlagt, og vi entra ikkje vårt dormitorio før vi høyrte at fuglane kvitra i dei tidlege morgontimane.


Bartender + eit tomt lokale, Purta Roja (bileta er henta frå google).

Torsdag reiste ein heil flokk fra pichincha-huset først på ein bar i Palermo calla Congo. Veldig fin bar, med ein utandørs patio og dei beste drinkane. Eg fekk mojito med skogsbær og dei andre bestilte mango daiquiri. Deretter resite vi nokre gater vidare i Palermo til ein nattklubb som heiter Club Araoz, men som på torsdagar vert kalla Lost fordi det er hiphop night (ser forresten ikkje heilt den linken, men…). Det var som å gå inn i ein kombinasjon av filmane 8 mile og save the last dance. Det var ein skikkelig stereotyp danseklubb der folk stod i ring, og andre dansa hiphop eller breaka i midten. Veldig absurd, men veldig kult! Helena tok seg forresten tre turar inn i ringen, noko som vart kveldens beste underhaldning.


(Bilete av Club Araoz henta frå google)

På fredag måtte vi nesten ta det litt rolig, men på lørdag derimot, var ut på tur igjen. Anna og eg vart kjend med tre argentinske jenter då vi var i Mar del Plata i langhelga, og dei inviterte oss til San Isidro, som er ein del av forstadane til byen Buenos Aires. Sidan det var såpass langt å køyre, bestilte dei ein taxi til oss, slik at det skulle vere tryggare. Taxien som skulle komme klokka åtte, kom ikkje før halv tid, noko som visstnok var heilt normalt. Då vi endeleg ankom San Isidro lærte vi mykje om både klasseskillet og om argentinsk ungdom generelt. Jentene (og deira venninder), som forresten var av ein del av den såkalla overklassen i Argentina, kunne fortelle om dei private skulane dei gjekk på, fordi staten ikkje brukar nok pengar på dei kommunale, og at ein gjennom helseforsikringa kunne få éin plastkirurgisk operasjon i året. Dei spurte meg forresten om eg hadde operert nasa (noko som virka totalt absurd for meg, dog smigrande), og den eine av jentene innrømma så at ho hadde operert nasa tidligare. Veldig interessant å sjå forskjellane som er såpass tydelege i eit land som Argentina.


Anna og eg saman med jentene.

Etter å ha ete ein god middag og drukke litt vin, reiste alle saman på ein fest som visstnok berre vart arrangert ein gong i året. Då vi kom dit, vart vi begge overraska over at den store festen eigentleg såg ut som ein slags festival, noko som kanskje gjorde oss litt malplasserte med våre høge hælar. Men det var ein veldig kul opplevelse, og det er veldig kjekt å ha blitt kjend med nokon som faktisk er argentinske!

– Christine

Verden er liten! Det fant jeg ut når en australsk fyr, Liam, inviterte meg til å sjekke ut søndagsmarkedet i San Telmo. Han møtte jeg forrige uke, og jammen viste det seg at han hadde bodd 6 måneder i Nice i fjor, og vi har mange felles venner derfra, blant annet bestevenninna mi Emma, ei irsk jente jeg har tilbrakt 2 sommere med på rivieraen.

Hatter, skjerf, fake solbriller til 20 pesos (tror ikke akkurat en ekte Ray Ban bare blir 30 kroner), antikviteter, Simpsons t-sjorter der Homer er i ulike områder i Buenos Aires, malerier av tango dansere, lærvesker osv. Masse å velge mellom hele gågata nedover, og billig. Selv kjøpte jeg et par kule solbriller, til en tidel av prisen jeg kunne kjøpt de for i Norge!

Nede på Plaza Dorrego var det prakket med folk, og vi satt oss ned og delte på en kald pils i varmen. Ikke like hett her nå som i januar/februar, men kan fortsatt sammenlignes til en varm sommerdag i Norge. Deilig. Tangodansere som shower for publikum, og musikalske band som tiltrekker seg store folkemengder.

Dette er livet! Relax, intet stress og god stemning til alle kanter…

– Ine –