You are currently browsing the tag archive for the ‘Nicaragua’ tag.

Fredag første veka hadde vi introdag, der vi blant anna fekk informasjon om ulikt frivilligarbeid vi kan gjere her i León. I tillegg til å stille opp sjølv kan eg spreie litt kunnskap og kanskje inspirere andre som reiser til å gjere det same.

Her i Leon kan du blant anna hjelpe dyr, barn og naturen. Det finnast sikkert mange organisasjonar du kan jobbe for, men her er dei Kulturstudier samarbeidar med i León.

Ca 10 min med taxi ifrå bysentrum finn du ein dyrepark. Ein kan kanskje heller kalle det ein forlatt dyrehage eller eit «animal shelter» (beklager, eg finn ikkje ordet på norsk i skrivande sund). Der kan du finne apekattar, vaskebjørnar, krokodiller, skildpadder, sauer, villsvin og kanskje meir. Dyra har relativt små bur har eg inntrykk av, og der er sjeldan nokon som passar på dei. Her ein dag kjøpte ein gjeng inn frukt og reiste til dyreparken for å mate dyra. Hadde eg ikkje vore så innmari solbrend hadde eg også blitt med. Dette er noko alle kan gjere. Kjøp inn avocado, mango, bananer osv og sørg for at dyra får noko å ete denne dagen. Ta gjerne med noko plastbeger du kan helle vatn i også, då vatnet i bura er grønt og ekkelt. Dyreparken har stort potensiale, men situasjonen i dag er ikkje heldig. Og nei, ein kan ikkje berre sleppe dyra ut i det fri, dei kjem ikkje til å klare seg sjølve.

Nicaragua har størst tropisk regnskog i Latin-Amerika, etter Amazonas. Denne Mangrove-skogen lid under – nettopp – hogst. Kulturstudier har sådd opp ca 100 små trer som vi skal plante ut. Dette er noko alle kan gjere.
Du kan også leige ein guide og ein liten båt og ro på elva gjennom skogen. Fantastisk oppleving for deg, og bra for skogen. Då betalar du arbeiderane slik at dei ikkje treng å skade skogen for å få inntekt.

Barrilete er namnet på eit prosjekt for barn etter skuletid. Barn som kanskje ikkje har nokon (trygg) stad å gå etter skulen. Ei hyggelig dame tar imot små ungar tidleg på dagen og større ungar på ettermidagen. Vi kan besøke dei og leike med ungane eller hjelpe dei med lekser. Dette skal eg absolutt gjere, så eg blir nuk å skrive eit anna innlegg om Barrilete seinare. Eg får praktisere spansk, eg blir kjend med små nydelige skapningar, eg kan kanskje hjelpe dei med noko lekse, eg får god erfaring til læraryrket og forhåpentligvis kan eg helpe dei på nokon måte. Eg ser for meg at dett blir ein ypperleg vinn-vinn situasjon. Vi har fått beskjed om at ungane blir knytta til oss, så vi må besøke dei regelmessig dersom vi i det heile tatt skal vere der.

Aspanicasole er eit senter for ungar med kreft og kreft-overlevande. I begynnelsen av april tek vi i Kulturstudier med oss alle desse ungane til ei rolig strand og tilbringer dagen med dei. Vi skal leike med dei, grille, prate og kose oss. Mange av ungane har ikkje ein gong sett havet før. Vi studentane samlar inn eit visst beløp som dekker denne dagsutflukta, og resten av pengane går til Aspanicasole.

Ute ved stranda finnast det nursery for havskilpadder og klekkeri for egga. Det er ikkje sesong for dette no, så vi fekk ikkje så mykje informasjon om opplegget. Men samarbeidet med Kulturstudier er visst ganske nytt og må arbeidast litt meir med før det fungerar optimalt.

Faktisk treng du ikkje gjere så mykje meir enn å besøke landet for å hjelpe. Nicaragua er det nest fattigaste landet i den vestlige sfæra, og berre det at du oppheld deg i landet og legg igjen pengar hjelper. Ved å kjøpe ting og tang, ete ute på restaurant, ta taxi/buss, ta dansetimar, betale deg inn på utestad, tipse kelneren – ALT du gjer bidreg, blant anna til å oppretthalde arbeidsstadar. I tillegg kan du inspirere andre til å reise til Nicaragua, så bidreg dei også. Vi er no ca 70 studentar her nede som alle på ulike måtar bidreg til å oppretthalde næringslivet. Så enkelt kan det faktisk vere.

Bilete frå dyreparken, Barrilete, dagen med Aspanicasole og mangroveskogen kjem når eg har besøkt dei.

Carina

Søndag arrangerte Kulturstudier utflukt til Cerro Negro, den yngste vulkanen i Nicaragua og Sentral-Amerika, som har fått navnet sitt på grunn av dei svarte mineralane og som framleis er aktiv.

Turen med buss var humpete, på veg som etter kvart bestod av 40cm aske, med støv vrimlande inn gjennom vindauga. Vi køyrde gjennom fleire små landsbyar, det vil seie fleire hus som låg gøymt inne i skogen. Eg syns det er spennande å sjå korleis folk bur utanfor byane, og såg  ut på radmagre hestar, svin og høner som var plasserte litt tilfeldig rundtom i enkeltes hagar. Og små barn som sprang mot vegen for å vinke til bussen, med store glis som smelta seg langt inn i hjartet.

Kjensla av at eg hadde gløymd noko forsvann omlag 2 minutt etter at bussen forlot hostellet, og vart erstatta av vissheita om at eg hadde gløymt kameraet mitt. Er det mulig? Men fortvil ikkje, eg har fått låne litt bileter frå Maria og Charlotta.

 

 

Turen opp var eigentleg ganske kort. Plutseleg var vi oppe! Heile vegen var det så sterk vind at vi ikkje ein gong vart sveitte av å gå opp ca 400 høgdemeter i 30+ celcius. (Vulkanen ligg på 728moh, men eg trur vi byrja på vel 300moh). Når vi nærma oss toppen var vinden så sterk og vegen så smal at eg somme tider kjende eg måtte sette meg ned på huk for å ikkje bli kasta utfor kanten, og eg måtte holde fast både solbriller og sekk.

Vel oppe naut vi utsikta og leika oss med vinden medan vi kjende prikkinga på leggane av småstein i lufta. Flavio grov eit lita grop i sanden så vi fekk kjenne varmen frå steinen under oss. Og det var ikkje mindre enn imponerande. Kunne lett ha steikt speilegg på bakken der.

 

 

 

 

 

 

 

På veg ned hadde vi to alternativ. Vi kunne springe ned ellr vi kunne volcano-boarde, altså type renne på akebrett. Eg høyrde rykter om fart på 80km/t og ofra difor ikkje energi på å bære opp brett og utstyr. Når eg såg dei renne nedover derimot såg eg at eg lett hadde turd. Det gjekk ikkje såå fort.
Men det var veldig kjekt å springe/hoppe/skli ned den kjempebratte vulkanryggen også. Upraktiske sko som fyllte seg med stein bak ankelen og gjorde springinga ganske så vond vart fjerna av meg og Malise så vi sprang ned i sokkelesten. Skikkelig massasje/peeling kan du seie. Men til slutt vart steinane så varme at vi måtte ta på oss skoa att.

Vel nede var vi alle dekte av sot frå topp til tå, og eg kjende at det var godt å ha brukt kroppen på ein søndagstur i typisk norsk ånd. På ein utypisk stad.

 

 

 

Carina

Dagane her nede er veldig lange, og det kjennast ut som vi har vore her uhorveleg lenge samtidig som dagene fyk av garde.
Det er begrensa kor lenge du kan halde på å legge deg etter midnatt og stå opp kl.06 før ein bli trøtt om dagane. Kombinert med varmen som er 30+ har vi alle innimellom kjent behovet for ein siesta. Så døgnrytmen her blir noko annleis einn heime i Norge. Her er ein aktive på morgonen og kvelden når gradestokken kryp ned mot 30 varme, og slakke midt på dagen i heten. I motsetnad til heime i Noreg når ein er mest aktive medan sola er oppe.

I tillegg til skule har eg utforska byen litt denne veka.
Ein dag gjekk eg på eiga hand etter kartet, og besøkte blant anna ein artesania-butikk med mykje handlaga ting; smykker, kle, vesker, osv i litt hippie-stil.
Deretter gjekk eg bort til den store katedralen som er type kjenneteiknet på León, og gjekk litt i parken der.
På veg bort til supermarkedet gjekk eg gjennom eit lite marked og stoppa ved ei bod med handlaga armband og div. Eg hadde nesten ikkje meir kontantar igjen, men brukte omlag det eg hadde på to søte armband. Paret eg prata med var utruleg koselige, og eg var veldig fornøgd. Eg syns det er så kjekt å kunne prate med dei lokale. Ein dag skal eg definitivt gå til ein av parkane (her er fleire, men dei er veldig små og liknar ikkje alltid parkar), sette meg på ein benk og prate spansk med ein av dei lokale.
Eg skal også gå tilbake til eine butikken eg besøkte ein dag og prate engelsk med ei som studerar engelsk på universitetet her, men som aldri får praktisere det.

 

 

 

Ein anna dag gjekk eg og Charlotta på ein anna handverksbutikk, og fann ein super lunsjkafé der dei solgte både crepes, sandwich, og skikkelig kaffi! Mocca, americano, frappe, mykje å velje mellom både av varmt og kaldt. For å vere eit land i Mellom-Amerika syns eg utvalet av kaffi er litt dårleg. Men det fristar sjelden med kaffi i denne varmen uansett.

I dag gjekk vi også bort til ein anna marknad i byen, og denne trur eg var mest for dei lokale. Stappfullt av folk og alle mulige ting. Veldig kjekt å oppleve atmosfæra, men følte meg litt som ein inntrengar. Eg skal tilbake ein anna dag.

Og så har vi voe ute på ablegøyer om kveldane. Onsdag åt vi middag på ein skikkelig luksusrestaurant med superkoseleg hage og nydelig god mat. Etterpå reiste eg og Julie til Olla Quemada som har konsert kvar onsdag. Denne onsdagen var det salsamusikk det gjekk i, og vi prøvde oss såvidt på dansegolvet i løpet av kvelden. Klubben var smekkfull, så i tillegg til ei bra stor gruppe skandinaviske var der mange lokale. (Eg er ikkje så stor fan av klubbar med listepop og nesten berre turistar. Kan vere kjempekjekt det óg, men det er ikkje difor eg er her.) Vi satt under stjernehimmelen, svetta litt av dansinga, høyrde latinske rytmer, drakk lokalt øl og koste oss.

Torsdag var det salsakveld på same baren/klubben, så då måtte vi ta turen igjen. Denne gongen var vi enda fleire skandinaviske som møtte opp. Til å byrja med var dansegulvet berre brukt av to-tre lokale par. Dei var så utruleg flinke å danse at ingen av oss turde oss ut på golvet før det var blitt relativt smekkfullt. I tillegg til å danse med kvarandre dansa vi denne kvelden med fleire lokale også, og det var kjempekjekt. Vi var gjennomsvette og prøvde å kjøle oss ned på mojito til 10kr.

Fredag var det jammen fest enda ein gong, men eg må innrømme at det var ei trøtt Carina som stilte opp. Denne kvelden var det nesten obligatorisk, det var nemlig bli kjend fest / velkomsfest som kulturstudier arrangerte.
Etter koldtbordmiddagen kom plutseleg eit lokalt band med dress, stor gitar, trommer ++ spaserande inn og fylte rommet med latinamerikansk musikk. Akkurat slik som ein ser på film!
Seinare var det eit anna band som spelte for oss, og innimellom var det annlegg med ei svært variert speleliste som ljoma langt ut i gata. I løpet av kvelden trur eg omlag alle hadde tilbrakt tid på dansegolvet, lærarane også, og festen var garantert ein (sveitt) suksess.

No har ikkje desse festane tatt så veldig av for min og mange andre sin del. Vi skal jo trass alt stå opp kl.06 neste morgon. Mange av oss har drukket like mykje vatn som øl om kveldane, og rundt midnatt har festen enda for dei fleste medan nokon har haldt ut lenger og dratt på nattklubben Camaleon. Men kost oss har vi iallefall.

Etter ei veke ser eg på kartet at eg faktisk har vore i omlag heile byen. Den er ikkje så stor som den virka til å byrja med! Her er framleis mykje eg ikkje har sett, men eg har goood tid.

 

 

 

 

 

 

 

 

Carina

No har eg vore i Leon tre dagar, men det kjennest ut som eg har vore her mykje lenger! Og eg må berre sei: eg stortrivast!

Eg likar (langt langt inne) at ulike hanar galar i kor før kl.06 om morgonen. Og at eg i dag valde å klarte opp nokre etasjar kl 05:48 og speide etter denne hanen som etter lyden å døma bur under puta mi.

Eg likar at eg fekk lese over skuldra til ein lokal mann på den overlesste lokale bussen, og då få med meg og forstå delar av ein krangel han hadde med sin «amor bella» via sms. Han trygla og prøvde å fortelje at det berre var ho i hans liv, samtidig som han fekk fleire sms med «Fresita» som han svarte på før han påpasseleg sletta samtaleloggen etter kvart. Luring!

Eg likar at vi bur på Santiago. Eg trur vi har dei finaste romma med dei beste sengene, og er attpåtil så heldige å dele bad med få eller ha eigne bad på romma. Stor kontrast til dei andre hostella der 30 studentar delar felles dusjar. Og generelt er hostellet flott, det er såpass «få» som bur her at vi alle blir godt kjende, og personalet er superkoselige.

 

Eg likar at vi på første skuledag hadde fri etter den diagnostiske testen. Det vil seie at omlag alle spanskstudentane låg på stranda (og vi var framleis på campus!) og kjempa mot dei sjukt høge og sterke (og skumle) bølgene.

 

Eg likar at der er tre hengekøyer på campus som ein kan ligge i og berre kjenne at livet er heilt topp. At vi ikkje har hengekøyer på Santiago er kanskje einaste minuset her. (Bilete er dog ikkje frå skuleområdet, men frå Monkey der flesteparten bur)

Eg likar medstudentane mine. Her er så mange søte, herlige, morosame, kule og hyggelige personar!

Eg likar at her ikkje er butikkskilt i like stor grad som andre plassar, men at ein malar muren i ulike fargar og dekorerar med butikknamn etc.

Eg venner meg fortsatt til å sjå ned medan eg vandrar rundt i gatene. Her er store hol i gangfelta og nesten farleg å gå rundt ukonsntrert.

Eg likar at fleire butikkannsatte, kelnerar og generelt lokale folk smiler tilbake. Og er vennlige når ein prøvar og prate spansk med dei.

Eg likar at eg berre etter nokre dagar i eit spansktalande land kjenner at språket byrjar å demre att.

Eg er allereie vand med å vere klam 22-24t i døgnet. Dusjing og bading i havet er einaste minutta ein ikkje er klam.

Eg er vand med å vere konstant groskjeten frå ankelen og ned.

Eg er inforstått med at dusj, vask osv berre har av/på kran, og ingen temperaturregulering. Dusjeminutta er einaste minutta eg faktisk har gåsehud. Men det går greit, sidan her er så varmt i lufta.

Eg har akseptert at her er vifter og ikkje aircondition. Til trass for 40*C – overalt, kvar dag.

Eg har observert at sanden på stranda er gaske svart. Kanskje på grunn av alle vulkanane som omringar Leon? Og at det gjer sanden ekstra ekstra ekstra brennheit på dagtid når sola steiker.

Eg likar (egentleg) at kroppen er full av sand og salt somme dagar. Kombinert med solkrem og svette kan det bli noko travelt, men slik er det. Og kjempar ein mot bølgene samlar ein opp minst 30g grus i bikinitruse og -topp.

Eg likar at eg kan ete eit herremåltid for 50 NOK.

Eg likar at ALT blir utruleg vakkert i lyset frå den vakre solnedgangen.

 

 

Eg likar at Kulturstudier tok oss med opp til eit utkikkspunkt etter informasjonsmøtet. Og at vi då måtte kjøre gjennom meir landsbyaktig del av byen.

 

 

Eg likar eldre kvinner som sitter i grupper langs vegen og ser lykkelige ut.

Eg likar kvinner i alle aldrer som er i god stand og er superlykkelige med å ha litt mage. God mat med god samvittighet trur eg er oppskrift på lykke.

Eg likar søte kvalpar eg kan kose med i ledige studiestunder.

 

 

 

Og så avsluttar eg med litt ymse bileter frå dagane her.

 

 

 

 Frukost på desayunado med mine roomies

 

 

 

 

Carina

På flyplassen i Leon vart vi møtt av hyggelige mennesker frå Kulturstudier, og utan kofferten min satte vi av garde mot Leon. Alle var i ekstase når vi såg den superkule gule bussen vi skulle køyre.
Etter å ha sovet i overraskandes mjuke senger og varme rom vakna vi til hanegal 06:30. Og etter at eg fikk fiksa papirarbeid ang kofferten min kjøpte eg meg bikini, shorts, flip-flops, handkle og solkrem. Alt eg trengde for å overleve dagen!

 

 

Ettermiddagen tilbrakte vi på stranda, med intens varme og høge bølger. Etter matinntak avslutta vi med volleyball i solnedgangen, før ein interessant busstur tilbake til Leon.

 Hengekøyepark ❤

 

 

 

Tilbake i Leon fekk eg hilse på kofferten min att, og det var utruleg deilig å ta seg ein dusj og skifte til reine kle før vi reiste ut og åt middag. Eg møtte også på dei andre som missa flyet frå Miami, hurra!

Etter berre eit døgn i Leon trur eg desse tre månadane blir bra. Eg likar byen svært godt!

Her skal eg bu desse tre månadane, ilag med to andre kjekke jenter:

 

Og vi har alle fått høre skrekkhistoria om ein mannleg medstudent som vart robba og endte på sjukehus forleden kveld. Så alle har lært: ingen går aleine, og ingen tek taxi aleine. I allefall ikkje etter kl.17.
Ellers må eg seie at vi kosar oss. Vi møter stadig på fleire skandinaviske her nede, så gruppa vår blir berre større og større. Mange hyggelige mennesker og mange nye bekjentskap! Dette lovar godt!

No er batteriet på dataen straks tomt, og eg har enno ikkje kjøpt adapter.
Bileta er hovudsakleg tatt med mobilkamera, så kvaliteten kan vere noko dårleg. Eg turde ikkje gå rundt med speilrefleks første dagen..

Carina

Dette innlegget er kanskje ikkje særleg interessant med mindre du sjølv skal ut på tur og treng tips..
Men sidan eg veit mange snublar innom ulike reisebloggar før eiga avreise, kan eg like så godt skrive om pakkinga også.

For ein time sidan var kofferten ferdigpakka:

Tjah..

Men heldigvis er eg ikkje ei av dei som brukar fleire veker på å pakke. Faktisk brukte eg knapt ein time før kofferten såg slik ut:

Og no trur eg eg er ferdig pakka..

Ting som er viktige, men fort gjort å gløyme når ein pakkar:

– kodebrikke til nettbank
– ladar til mobil, kamera, pc og mp3
– dykkersertifikat og dykker-loggbok.
– pinsett, neglesaks, plaster, pyrisept, sårsalve ++.
– reiseforsikringsbevis, studentbevis, vaksinasjonskort.
– pass og reisedokument
– ekstra mobil og ekstra minnebrikke til kameraet. Minnepenn.
– adapter (dette må eg kjøpe. Eg veit ikkje om eg har riktig type frå før, men eg finn dei uansett ikkje att)
– reservedelar til piercing, evt fleire piercingar, dersom du har hol andre plassar enn øyra. Gror fort att.
– lommetørkler/dopapir. (Er ikkje alle land, spesielt i asia, som har toalettpapir på offentlige toalett!)

Og elles har eg pakka:

– Solkrem, fuktighetskrem, lypsyl.
– Shampoo, balsam, barberhøvel, deodorant, hårstrikk ++
– Ansiktskremar, renseprodukt, sminke. (Dette er sagt å vere vanskeleg å få tak i der nede)
– Tannkost, tanntråd, munnskyll.
– Smykker, piercingar, øredobbar, armband. (Men omlag berre juggel, i tilfelle det skulle bli stjelt)
– Pensumbøker, ordbøker, skrivesaker ++
– Skjønnlitterært lesestoff
– Data, kamera, mp3, mobil.
– Bikiniar, undertøy, shortsar, knebukser, singlettar, toppar og kjolar. Ei tynn dongeribukse og ein tynn cardigan. Eg har sikkert med meg alt for mykje kle..
(Og ja, eg har kontakta studentane som allereie er der nede og hørt om det går an å gå i shorts og singlet. Eg tek ingenting for gitt etter at eg var i Vietnam og India i haust. Og ja – det skal gå fint å gå med dette i Nicaragua, berre ein passar på at shortsen ikkje er for kort og utdringninga ikkje er for djup)
– Idoform, immodium, multivitamin, malariatablettar, ibuprofen, halsdrops, reisesjuketablettar, antibac…
– Tampongar og truseinnlegg. (Etter tur til Kina tek eg det ikkje for gitt at dei har (gode) produkt, så eg tek med rikeleg).
– Vaskeklutar og eit handkle (har hørt at det er billig å kjøpe der nede, men alltid greit å ha i bakhand)
– Sandalar og småsko.
– Bagasjevekt
– Tynn og lett regnjakke. Ein ekte vestlending stiller førebudd.
– Lita leselampe som ein festar på bokpermen. Kjøpt nyleg sidan eg skal dele rom med ei framand ei. Så kan eg lese på senga utan å vere til bry.
– GODT HUMØR OG POSITIV INNSTILLING. Gode minner frå tidlegare turar og nye forventningar.

Så håpar eg at eg ikkje har gløymt noko…?

Carina

I skrivande stund sit eg med venstre arma godt henslengt etter legens ordre, då siste innprøyting av vaksiner før avreise er fullført, og kroppen forhåpentligvis straks går i gong med å produsere antistoff.
Spanskbøkene ligg foran meg, så eg kikkar litt i dei og prøvar å friske opp litt gammal kunnskap og tileigne meg noko ny kunnskap. Eg er framleis ikkje heilt på nivået eg sjølv ynskjer.
Kofferten skal eg gå å leite fram så eg kan byrja så smått og pakke. Så fort eg har pakka kofferten og printa ut litt reisedokument er eg vel eigentleg klar for avreise!

Dagane går fort, og kveldane enda fortare. No skjønar eg eigenleg ikkje heilt at eg skal vere vekke i tre månader. Men så fort eg kjem meg ned til Nicaragua reknar eg med kvardagens eventyr byrjar, og at eg kjem til å stortrivast med opplegget. Dt skal bli godt å kome i gong med studia, og kjenne i løpet av vekene at ein blir ein del av samfunnet der nede. Eg veit ikkje heilt kva eg skal forvente meg av Nicaragua. Etter all reisinga i haust har eg adoptert ei særs avslappa reisehaldning, så eg har omlag ikkje planlagd noko denne gongen, men tenker å ta alt som det kjem. Det blir spennande!


No er eg klar til å blogge om eigne erfaringar frå Nicaragua, og vise dykk bileter eg hatt sjølv.
Kjem snart!

Carina

No er det berre 8 dagar igjen før eg sett meg på nattbussen mot Gardermoen og byrjar den lange reisa mot Nicaragua. Er litt usikker på kor lang total reisetid eigentleg er, men eg er temmeleg sikker på at den er mykje kortare enn reisa til Brisbane på nesten 50 timar.

I skrivande stund har eg akkurat levert første oppgåva i latinamerikastudier. Denne oppgåva skulle skrivast på norsk (evt svensk/dansk), så eg har eigentleg ikkje byrja å friske opp spanskkunnskapane mine enda.
Med heile 12 kapittel frå dei to gamatikkbøkene som skulle vore arbeidd med i sjølvstudiumperioden januar, er det kanskje på tide å byrja!
Studentane som har tatt forkurs i spansk no i januar er nuk på eit mykje høgare nivå enn meg, og eg fryktar at også mange av dei som reiser ned samtidig som meg har mykje ferskare og betre spanskkunnskapar enn meg. Så då er det berre å hive seg rundt og friske opp ordforrådet, setningsbygnad, verbbøying ++!

 

 

Carina


Spanskatentorna är avklarade och igår var det avslutningsfest på stranden. Hejdå Las Piñitas, varma amerikanska skolbussar, grammatiklektioner med Elisabeth, frukost på Monkey, middag på Barbaro, salsa på Olla Quemada… Ja, hejdå León. De flesta åker imorgon bitti, till Norge/Sverige eller reser vidare ut på den amerikanska kontinenten.
Jag drar på söndag, till Costa Rica två veckor och sedan vidare till Mexico. Känns som en bra plan. All kärlek till León, men det är dags att åka härifrån. Småstadskänslan börjar smyga sig på. Som när barerna stänger vid 1 och det enda alternativet är Camaleon, stället som jag har fått samma hatkärleksrelation till som Palermo hemma. Dags att dra med andra ord. Till Costa Rica där Sara och Robin väntar, det blir kul! Kul och lite läskigt att åka till ett nytt land, blir turist igen och inte ha koll på någonting. Hur mycket är pengarna värda?  Vad äter man? Kanske pratar man annorlunda? Ingen Toña?
Som tur är kommer jag förbi León en sväng innan planet går till Sverige. För jag kommer sakna León!!

Erika

Idag är det fredag. Vi i spanska 2 gör slutuppgiften i didaktik, hålla en lektion på 45 minuter för spanska 1. Jag har precis haft min lektion, det gick fint. Jag och Stian hade tre elever. Vi lyssnade på Manu Chao och pratade om musik. Det är skönt att vara klar med didaktiken. Den skriftliga examen är om en vecka, men trots att det är tentaperiod är allt lika lugnt som vanligt på Monkey. Det går liksom inte att vara stressad här. Luften står stilla, solen steker, svetten rinner, städdamerna går runt och sopar, folk ligger i hängmattorna och gungar och allt är bra.
Monkey är mysigt och det är fint att bo här. Tycker om att vakna på tisdagsmorgnarna och veta att det väntar nygräddade pannkakor till frukost. Höra Rogér gå runt och vissla och sjunga för sig själv. Tycker om städdamerna som alltid är så snälla och glada. Som tvättar mina kläder gratis och viskar att jag inte ska säga något, viker lakanen till rosetter och hjärtan och bjuder på mango.
Jag tycker om våra små husdjur här. De små ödlorna som springer runt i på väggarna. Tycker om att titta på dem i taket när jag duschar. På kvällen tycker jag om att lyssna på dunsandet av mango som faller ner från träden. Tycker om att sitta i hängmattan och borsta tänderna. Tycker om sekunderna då fläkten roterar över min säng.
Alla de där stunderna då man förvånas över hur mycket det går att svettas. Att bli helt blöt bara genom att sitta stilla i skuggan. Eller efter ett spinningpass då det svider i ögonen av svett. Känslan att ställa sig i en kall dusch efteråt. Tycker om kvällarna när allt blir svalt och man kan tänka igen. Att aldrig behöva frysa. Att kunna bada varje dag. Dyka under jättevågorna i Stilla havet. Sluta bry sig om att det alltid är sand överallt.

Jag tycker om den här staden. Jag tycker om att hitta här. Tycker om att veta var det är bäst att äta frukost eller vilken som är den godaste pizzan. Tycker om att gå runt på gatorna och känna igen folk jag ser och vara tjenis med taxichaufförerna.
Tycker om stunderna när man plötsligt förstår något med spansk grammatik. Känslan av att ha en konversation på spanska och tycka att det är enkelt. Sedan finns alla frustrerande stunder med konjunktiv och verbanalys då jag hatar det här språket, men då kan jag alltid gå över till svenska ett tag. Eller tänka att jag har i alla fall typ lärt mig norska.
Tycker om att sitta och plugga och plötsligt se en kolibri fladdra runt bland blommorna. Som just nu. De är för små och snabba för att fångas på kort. Världens minsta fågel. Blåmesar är också fina, men det är något visst med kolibris.Erika