You are currently browsing the tag archive for the ‘sykler’ tag.

Medan eg sykla gjennom Buenos Aires sine gater, kom eg til å tenkja på den gongen Erik i Neset sykla baklengs medan han sat på styret. Då var eg ovsleg imponert. Det vart eg i dag også!

Masa Critica er ei verdsomspennande protestrørsle som ynskjer å setja fokus på forureininga bilparken utsett jorda vår for. I over 300 byar vert det med jamne mellomrom organisert demonstrasjonar.  I Buenos Aires er det den fyrste søndagen i kvar månad. Dette føregår på følgjande måte: ein samlar ein haug med syklistar, desse syklistane klumpar seg saman og syklar ut i trafikken, denne klumpen blokkerar trafikken korhen klumpen fér. Ein form for sivil ulydnad, litt opprørsk, litt “stick it to the man”, osv… Alt føregår i svært rolege omstende, og det er mykje smil og latter – om enn mest frå syklistane.

Så der stod eg altså, då, ved den store obelisken på gata 9 de Julio. Det var der me skulle møtast, me syklande demonstrantar, pedalgeriljaen. Eg visste ikkje noko særleg om kva det var eg skulle gi meg ut på, men eg rekna med det var toleg trygt og greitt sidan det var kursleiarane våre som hadde tipsa oss om det.

Fyrst tenkte eg at det var jammen ikkje mange syklistar som hadde komme,og det var kanskje forståeleg i den kalde, argentinske søndagsvinden. Ein heil haug med fotsoldatar var der riktignok, men som eg etter kvart forstod var dette ungdommar som var samla for å markera at det kun var eit par veker til Justin Bieber skal komma til Buenos Aires. Dei song Justin Bieber-songar, hylte sånne beatles-jentehyl, og vifta med plakatar der det stod “Når Justin Bieber smilar, smilar Argentina”. Det stod det også på dei flotte, lilla t-skjortene alle gjekk med. Vel, bieber-fever’en roa seg etter kvart, og då kom det også fleire syklistar syklande.

Me var kring 10 frå Kulturstudier samla, og kring 390 andre syklistar. Ein heil klump, altså! Her var syklar i alle formar og fasongar, og frå dei dyraste dyre til dei meir av kaliberet som Erik i Neset sykla på i min barndom. På signal frå ein eller fleire som sette i nokre hyl, heiv me oss ut i trafikken. Det vart raskt sendt beskjedar hit og dit slik at feltet vart godt samla – og i ei slik breidde at me blokkerte vegen. Gata 9 de Julio er ei gate med 16 filer på det breiaste, men me tok kontroll over kun 4.
Slik byrja me vår triumfferd gjennom gater og vegar kringom i Buenos Aires. Det var syklistar som hadde stereoanlegg med seg, nokre gav ut kaker og knask, nokre spela trommer og song, nokre bles i hjallarhorn. Dei fleste av oss sykla berre, og klappa og ropa litt stundom. Moro! I rein rebelliver trødde eg forresten av den eine trøa på sykkelen min og måtte sykla dei fyrste 3-4 kilometer kun med venstrefoten, men i eit lyskryss litt nord i byen klarte eg ved hjelp av ein hendig argentinar og skiftesløkjedl hans å få trøa festa igjen.

På førehand hadde kanskje vore greitt å undersøkt litt kor lengje slike sykkeldemonstrasjonar plar vara, og kor langt ein eigentleg skal sykla, for etter kvart kom me oss ganske langt nord i byen og vekk frå alle gater og bydelar som eg har vore i. Og blant hundrevis av syklistar som ropar og skrålar er det lett å mista dei ein kjenner. Og kva gjer ein når ein er einsam, blant hundrevis av syklistar, milevis frå kjende landemerkje? Jau, ein heng på og vonar at toget går attende til utgongspunktet. Etter vart fann eg då heldigvis to svenske tjejer som går på spansk med meg, og me haldt oss sånn nokonlunde i augnekrokane til kvarandre. Det gjekk ein time. To timar. Tri timar. Me sykla og sykla og blokkerte trafikken både her og der. Mørkt vart det. Og kaldt. Og vågemeg trur du ikkje at ein etter ein forsvann det syklistar kvar til sitt? Den store massen av syklistar som virka så uovervinneleg byrja no å virka meir og meir som ein flokk urokråker som drog frå stad til stad for å laga ugagn. Ugler i mosen. Ulvar i gatene. Og der sykla eg. Eg lo litt for meg sjølv då eg sykla forbi ein butikk som heitte “Fema”. Nå får eg vel ei, tenkte eg…

Etter ei stund ropte leiarane at me skulle sykla inn i ein park. Der fann den eine svenske syklisttjejen fram eit kart, og me fann ut at me var laaangt på andre sida av Buenos Aires. Ei stund vurderte me å sykla ein hovudveg gjennom byen for å komma oss heim, men plutseleg heiv demonstrantane seg rundt igjen og freste i veg og me vurderte det slik at det berre var best å hengja på. På usikre spansksetningar fekk eg veta at  me var på veg tilbake til obelisken og 9 de Julio-gata, så då var det berre å ta sjansen. Nye kilometer forsvann medan me navigerte oss hit ei gate, dit ei gate, ned den gata, opp den gata. Flokken vart mindre og mindre, og det var ikkje lenger noko poeng i å prøva å blokkera trafikken, no var det berre å markera at “Joda, det finnest syklistar som syklar i Buenos Aires sine gater”.

Etter 4 timar og 30 kilomter tilbakelagt kom me endeleg fram til utgongspunktet, og godt var det. Hadde me fortsatt nokre kilometer til trur eg knapt det hadde vore andre i demonstrasjonstoget enn ein hólsvulten suldøl og to svenske tjejer… Det var kun 20 syklistar som vende attende til obelisken!

Stolte, og glade for å vera i heimlege trakter, sykla me så heim. Det var moro, interessant, imponerande, og eg gjer det igjen om ein månad!

Eskil