Dagane her nede er veldig lange, og det kjennast ut som vi har vore her uhorveleg lenge samtidig som dagene fyk av garde.
Det er begrensa kor lenge du kan halde på å legge deg etter midnatt og stå opp kl.06 før ein bli trøtt om dagane. Kombinert med varmen som er 30+ har vi alle innimellom kjent behovet for ein siesta. Så døgnrytmen her blir noko annleis einn heime i Norge. Her er ein aktive på morgonen og kvelden når gradestokken kryp ned mot 30 varme, og slakke midt på dagen i heten. I motsetnad til heime i Noreg når ein er mest aktive medan sola er oppe.

I tillegg til skule har eg utforska byen litt denne veka.
Ein dag gjekk eg på eiga hand etter kartet, og besøkte blant anna ein artesania-butikk med mykje handlaga ting; smykker, kle, vesker, osv i litt hippie-stil.
Deretter gjekk eg bort til den store katedralen som er type kjenneteiknet på León, og gjekk litt i parken der.
På veg bort til supermarkedet gjekk eg gjennom eit lite marked og stoppa ved ei bod med handlaga armband og div. Eg hadde nesten ikkje meir kontantar igjen, men brukte omlag det eg hadde på to søte armband. Paret eg prata med var utruleg koselige, og eg var veldig fornøgd. Eg syns det er så kjekt å kunne prate med dei lokale. Ein dag skal eg definitivt gå til ein av parkane (her er fleire, men dei er veldig små og liknar ikkje alltid parkar), sette meg på ein benk og prate spansk med ein av dei lokale.
Eg skal også gå tilbake til eine butikken eg besøkte ein dag og prate engelsk med ei som studerar engelsk på universitetet her, men som aldri får praktisere det.

 

 

 

Ein anna dag gjekk eg og Charlotta på ein anna handverksbutikk, og fann ein super lunsjkafé der dei solgte både crepes, sandwich, og skikkelig kaffi! Mocca, americano, frappe, mykje å velje mellom både av varmt og kaldt. For å vere eit land i Mellom-Amerika syns eg utvalet av kaffi er litt dårleg. Men det fristar sjelden med kaffi i denne varmen uansett.

I dag gjekk vi også bort til ein anna marknad i byen, og denne trur eg var mest for dei lokale. Stappfullt av folk og alle mulige ting. Veldig kjekt å oppleve atmosfæra, men følte meg litt som ein inntrengar. Eg skal tilbake ein anna dag.

Og så har vi voe ute på ablegøyer om kveldane. Onsdag åt vi middag på ein skikkelig luksusrestaurant med superkoseleg hage og nydelig god mat. Etterpå reiste eg og Julie til Olla Quemada som har konsert kvar onsdag. Denne onsdagen var det salsamusikk det gjekk i, og vi prøvde oss såvidt på dansegolvet i løpet av kvelden. Klubben var smekkfull, så i tillegg til ei bra stor gruppe skandinaviske var der mange lokale. (Eg er ikkje så stor fan av klubbar med listepop og nesten berre turistar. Kan vere kjempekjekt det óg, men det er ikkje difor eg er her.) Vi satt under stjernehimmelen, svetta litt av dansinga, høyrde latinske rytmer, drakk lokalt øl og koste oss.

Torsdag var det salsakveld på same baren/klubben, så då måtte vi ta turen igjen. Denne gongen var vi enda fleire skandinaviske som møtte opp. Til å byrja med var dansegulvet berre brukt av to-tre lokale par. Dei var så utruleg flinke å danse at ingen av oss turde oss ut på golvet før det var blitt relativt smekkfullt. I tillegg til å danse med kvarandre dansa vi denne kvelden med fleire lokale også, og det var kjempekjekt. Vi var gjennomsvette og prøvde å kjøle oss ned på mojito til 10kr.

Fredag var det jammen fest enda ein gong, men eg må innrømme at det var ei trøtt Carina som stilte opp. Denne kvelden var det nesten obligatorisk, det var nemlig bli kjend fest / velkomsfest som kulturstudier arrangerte.
Etter koldtbordmiddagen kom plutseleg eit lokalt band med dress, stor gitar, trommer ++ spaserande inn og fylte rommet med latinamerikansk musikk. Akkurat slik som ein ser på film!
Seinare var det eit anna band som spelte for oss, og innimellom var det annlegg med ei svært variert speleliste som ljoma langt ut i gata. I løpet av kvelden trur eg omlag alle hadde tilbrakt tid på dansegolvet, lærarane også, og festen var garantert ein (sveitt) suksess.

No har ikkje desse festane tatt så veldig av for min og mange andre sin del. Vi skal jo trass alt stå opp kl.06 neste morgon. Mange av oss har drukket like mykje vatn som øl om kveldane, og rundt midnatt har festen enda for dei fleste medan nokon har haldt ut lenger og dratt på nattklubben Camaleon. Men kost oss har vi iallefall.

Etter ei veke ser eg på kartet at eg faktisk har vore i omlag heile byen. Den er ikkje så stor som den virka til å byrja med! Her er framleis mykje eg ikkje har sett, men eg har goood tid.

 

 

 

 

 

 

 

 

Carina

Reklamer