På flyplassen i Leon vart vi møtt av hyggelige mennesker frå Kulturstudier, og utan kofferten min satte vi av garde mot Leon. Alle var i ekstase når vi såg den superkule gule bussen vi skulle køyre.
Etter å ha sovet i overraskandes mjuke senger og varme rom vakna vi til hanegal 06:30. Og etter at eg fikk fiksa papirarbeid ang kofferten min kjøpte eg meg bikini, shorts, flip-flops, handkle og solkrem. Alt eg trengde for å overleve dagen!

 

 

Ettermiddagen tilbrakte vi på stranda, med intens varme og høge bølger. Etter matinntak avslutta vi med volleyball i solnedgangen, før ein interessant busstur tilbake til Leon.

 Hengekøyepark ❤

 

 

 

Tilbake i Leon fekk eg hilse på kofferten min att, og det var utruleg deilig å ta seg ein dusj og skifte til reine kle før vi reiste ut og åt middag. Eg møtte også på dei andre som missa flyet frå Miami, hurra!

Etter berre eit døgn i Leon trur eg desse tre månadane blir bra. Eg likar byen svært godt!

Her skal eg bu desse tre månadane, ilag med to andre kjekke jenter:

 

Og vi har alle fått høre skrekkhistoria om ein mannleg medstudent som vart robba og endte på sjukehus forleden kveld. Så alle har lært: ingen går aleine, og ingen tek taxi aleine. I allefall ikkje etter kl.17.
Ellers må eg seie at vi kosar oss. Vi møter stadig på fleire skandinaviske her nede, så gruppa vår blir berre større og større. Mange hyggelige mennesker og mange nye bekjentskap! Dette lovar godt!

No er batteriet på dataen straks tomt, og eg har enno ikkje kjøpt adapter.
Bileta er hovudsakleg tatt med mobilkamera, så kvaliteten kan vere noko dårleg. Eg turde ikkje gå rundt med speilrefleks første dagen..

Carina

Advertisements