I skrivande stund sit eg med venstre arma godt henslengt etter legens ordre, då siste innprøyting av vaksiner før avreise er fullført, og kroppen forhåpentligvis straks går i gong med å produsere antistoff.
Spanskbøkene ligg foran meg, så eg kikkar litt i dei og prøvar å friske opp litt gammal kunnskap og tileigne meg noko ny kunnskap. Eg er framleis ikkje heilt på nivået eg sjølv ynskjer.
Kofferten skal eg gå å leite fram så eg kan byrja så smått og pakke. Så fort eg har pakka kofferten og printa ut litt reisedokument er eg vel eigentleg klar for avreise!

Dagane går fort, og kveldane enda fortare. No skjønar eg eigenleg ikkje heilt at eg skal vere vekke i tre månader. Men så fort eg kjem meg ned til Nicaragua reknar eg med kvardagens eventyr byrjar, og at eg kjem til å stortrivast med opplegget. Dt skal bli godt å kome i gong med studia, og kjenne i løpet av vekene at ein blir ein del av samfunnet der nede. Eg veit ikkje heilt kva eg skal forvente meg av Nicaragua. Etter all reisinga i haust har eg adoptert ei særs avslappa reisehaldning, så eg har omlag ikkje planlagd noko denne gongen, men tenker å ta alt som det kjem. Det blir spennande!


No er eg klar til å blogge om eigne erfaringar frå Nicaragua, og vise dykk bileter eg hatt sjølv.
Kjem snart!

Carina

Advertisements