I helga var eg på reisefot for fyrste gong sidan eg landa i Argentina. Etter snart to månadar i storbyen Buenos Aires skulle det vera godt å komma seg ut litt, kjenna friskare vind fylla lungene, sjå meir grønt enn grått, høyra andre lydar enn frå folk og trafikk. Så me valde oss likegodt dei enorme fossefalla ved Iguazú, på grensa mellom Argentina og Brasil. Me, det var Terje, Tom, Tina og eg.

Det er fullt mogleg å ta fly til Iguazú, og det er det nok mange som gjer. Byen som me skulle bu i låg på den argentinske sida av fossefalla, ca 150 mil frå Buenos Aires rekna slik bilane fyk. Me valde istaden å ta buss, då desse skulle vera riktig så komfortable. Klokka sju på torsdagskvelden troppa me difor opp på Retiro Rutebilstasjon med førehandstinga billettar i lommane. Selskapet heitte Expreso Singer og tok oss dei 18-19 timane opp til Puerto Iguazú, som er namnet på den byen eg ikkje nemnde med namn litt lenger oppe i teksten.

I øvre etasje på bussen var dei vanlege seta, men me hadde tinga plass i 1.etasje på 1.klasse. Det kom på kring 1000 kroner att og fram, men det var absolutt verdt det. Det var kun plass til 12 personar på 1.klasse, og det har den enkle forklaring at det då er mogleg nesten å liggja i horisonten om ein legg ned seteryggjen og strekkjer ut føtene. Herleg!

Etter 19 timar og ei god natts svevn, var me framme i den no allereie nemnde byen. Det var utruleg godt å kjenna skikkeleg temperatur igjen. Gjennom helga låg temperaturen på drygt 30 grader på dagtid og 25 på nattestid. Heilt etter min smak :) . Eg hadde vore såpass framsynt at eg hadde tinga hostell. Dette var eit koseleg, lite hostell som heitte Timbo Posada. Me fekk oss plass på eit timannsrom med aircondition, og i bakhagen var det både ein bar/frukostresturant, eit lite badebasseng, internett, tv og hengjekøyer til å slappa av i.  Etter å ha installert oss i dette lille paradiset, heiv me oss rundt for å vitja den brasilianske sida av fossefalla. Las Cataratas de Iguazú er verdas breiaste fossefall og ligg altså på grensa mellom Brasil og Argentina. Her gjer elva Iguazú eitt stup ned frå platået Parána, eit stup som me altså no skulle vitja. I snitt ligg vassmengda på drygt 1700 kubikkmeter i sekundet, dvs som 6 gonger Suldalslågen på maks spyleflaum, med ei rekordmåling på 12800 kubikkmeter i sekundet. Alt dette vatnet hiv seg utover ein kring 2 km lang kant på platået, og det gjer det til det breiaste vassfallet i verda.

Når eg seier “heiv oss rundt”, betyr det at me fann oss ein drosjesjåfør som kunne ta oss over grensa, køyra oss ned til der den brasilianske delen av fossefalla byrjar, venta på oss der, og så køyra oss attende til hostellet etter nokre timar. Denne sjåføren heitte Rudolfo og var ein hyggeleg kar me brukte heile helga. Han var ein kløppar til å få oss snøgt gjennom grensekontrollane og hadde mykje artig å fortelja om både det eine og det andre. På den brasilianske sida av falla er det det best å få god oversikt over falla, då dei fleste av desse fell ned på argentinsk side av elva. Det var nesten ikkje til å tru då me for fyrste gong festa blikket på dette naturens vidunder. Så vidt som våre stereoskopiske, avstandsmålande augo klarte å famna var det kvite fossar som brusa og fossa og leika seg med vind og luft på veg ned til botnen. Det er ikkje til å nekta for at eg nynna litt på “Du vesle bekk” i det eg tusla bortover fine, flotte gongstiar som tok oss nærare og nærare sjølve storfossen. Stiane på brasiliansk side enda opp i ei slags bru som gjekk ut midt i fossefalla der ein kunne stå og bli klissblaut. Fantastisk! I vasspruten frå nokre av fossefalla kunne ein faktisk sjå regnbogar. Kjensla mi var litt som dette…

På laurdagen dro me til den argentinske sida. Her var det mykje meir å finna på, og me enda opp med å bruka heile dagen. Fyrst tok me eit slags smalspora tog opp til der fossefalla byrjar. Frå togstasjonen måtte me gå ca ein kilometer på nokre lekre bruer ut til kanten, og den delen av fossefalla dei kallar Djevlehalsen. Igrunn er det vanskeleg å forklara kor mektig ei oppleving det er å stå på kanten og kikka ned og bort på fall etter fall. De får sjå på denne videoen eg tok:http://www.youtube.com/watch?feature=player_embedded&v=GR4Rn_eGZZg
Sidan flaut me nedover den øvre sida av fossane med ein liten raftingflåte der me såg både sneisne fuglar, skjelpadder, aligatorar og fiskar. Så gjekk me kringom på eit mylder av ulike stiar med utkikksplattformar over ulike delar av falla, før meg avslutta dagen med å ta ein racarbåttur inn i sjølve nedslagsfeltet for nokre av fossane. Terje og eg tok forresten turen saman med ein gjeng på kring 20 galne danske pensjonistar som var på sin årelege backpackartur… Ei oppleving litt utan om det vanlege.

På søndagen skulle me reisa attende til Buenos Aires, men tok oss tid til å fara til Paraguay for å sjå på kamera. Her skulle dei vera så billige. Det var dei også, men eg fann meg ikkje rette sorten. Litt tok me også turen for å få stempla Paraguay i passet, men vår wonderboy av ein drosjesjåfør var så god til å komma seg over grenser at det aldri vart registrert i Paraguay at det hadde vore nordmenn på handletur den dagen. Ja, ja…

Så etter nye 19 timar var me attende i Buenos Aires til ein kvardag med spanskleksjonar, eksamensnerver (jadå, det nærmar seg…), og kaldare klima. Det gjorde godt å komma seg litt ut og vekk…

Reklamer