…dansar eg bort på skuleveg. Og passar meg vél for ikkje å trø i hundeskiten. For det er ein del hundeskit på fortaua her, det må nemnast. Og så får det vera med det. Ein lærer å trø varsamt…

 Studieplassen min er ein stor, flott bygning i stein og mur. Det var opprinneleg eit bygg Presidente Perón let byggja til veldedighetsarbeidet Eva Perón dreiv med, og høyrer framleis Perón-familien til. Universitetet får låna det inntil vidare. Me har førelesingar i litt ulike etasjar, og spring opp og ned steintrapper heile dagen. Eit staseleg og helsosamt bygg, altså! I kjellaren er det ei kantine som serverar god og billeg mat.

I går hadde me fyrste dag med undervisning. Profesór Eze skal leia oss gjennom den spansk-amerikanske litteratur, og det virkar til å vera eit interessant opplegg. Me hadde fått ein 50-60 sider å lesa til timen. Dette var historiske tekstar frå oppdaginga (eller *kremt* attoppdaginga) av Amerika. Dette var historiske tekstar frå oppdaginga (eller *kremt* attoppdaginga) av Amerika. Det eine var Colombus sitt brev til kongen og dronninga av Spania der han fortel om oppdagingane sine, det andre var ein av soldatane til Cortéz som skildrar kva som skjedde då conquistadorane møtte                       Montezuma, kongen av Tenoctlitlan (aztekarhovudstaden). Til kvar time får me nye tekstar me skal lesa, og så brukar me timane på å prata om dei. Veldig interessant! Seinare på dagen fekk me også ei innføring i tolking av litterære tekstar,ein kunnskap kjære Kari Koch ein gong prøvde få inn i skallen min – og vel ikkje heilt nådde inn med…

I dag hadde eg fyrste spanskleksjon. Me har ein lærar som heitter Jørgen og som har gjort argentiner av seg. Det var ei enkel innføring i korleis det spanske språket er oppbygd, ogkorleis me skal jobba framover. Kjenner det er godt å komma igong. Det er skikkeleg artig å vera på skulebenken att, ei kjensle som sikkert vil variera noko utover hausten. Eg sit og noterar, rekkjer opp handa, svarar læraren, osv. Akkurat som ein av mine eigne elevar. Ikkje bråkar eg heller. Akkurat som mine eigne elevar.

Me er delte inn i studiegrupper etter kva nivå me er på. Eg har havna saman med to svenskar, ei dansk og ei frå Volda. Hyggelege alle saman. Gruppelæraren vår heitter Sol, ei skinande argentisk frøken som pratar spansk akkurat sakte nok til at eg forstår kva ho seier. Merka fort at denne gruppa var ein stad eg nok kjem til å læra mykje i, for ho sette oss raskt igong med å prata spansk. Eg har allreie fortald på spansk til to svenskar, ei dansk, ei frå Volda, samt ei frøken frå Argentina, at bestemor ikkje var heilt nøgd med at eg hadde reist så langt som til Argentina.

No skal eg sova.
Eskil

 

Advertisements