10 grader og regnver. Det er igrunn heimekoseleg, det!

I dag tidleg landa eg i Buenos Aires etter ein flyreise på 14 timar frå London. Før den tid hadde eg vengja meg frå Gardermoen til London på snaut to timar. På Gardermoen var eg, som son av far min, mest tri timar før flyet skulle ta av. Det er godt å ha god tid! Eg myste kringom meg i kring ein time før eg traff ei som eg hadde sett fjeset på på den boka med fjes i, og som eg slik visste var ute i same ærend som meg. Etter kvart dukka fleire og fleire mysande sjelar opp gjennom slusene på veg mot utanlandsfarardelen av flyplassen. Sjelar som myste og myste etter andre som myste. Slik fann me kvarandre, me heldige som skal studera i Argentina komande halvår. I London var gruppa vakse til 15-20 mysarar.

Flyturen Atlanterhavet på langs vart ei stille affære. Eg såg ein film om aliens som angreip jorda og ikkje minst Los Angeles, ein film som ikkje er verdt å sjå. Etter dette var eg såpass trøtt at eg ikkje klarte å følgja med på noko skjermbilete, men heller ikkje trøtt nok til at eg sovna som ein stein. Eg slumra meg heller gjennom dei 14 timane. Og slik gjekk det faktisk ikkje så seint, heller.

På flyplassen i Buenos Aires var det den sedvanlege slusinga forbi ymse tollarar og farisearar før me kunne henta sekkar og koffertar. Det var då eg vart vàr køkulturen i Argentina. I beste engelske stil stod me i ein flott, lang anakonda av ein kø som snirkla og bukta seg langs alle transportband og korridorar fram til siste sjekk før fridomen. Her var ikkje rom for å vera frampå, ein laut fint finna seg i å vera ein fast del av denne Amazonas stolthet, anakondaen. Då me så var komne ut i fridomen, stod det to staute, og passande skjeggete, argentinarar og venta på oss. Dei delte oss inn i grupper og sende oss så avstad med bussar og taxiar til Casa Pinchaninca (dette klarar eg ikkje så stava rett, men til informasjon er det ein plassane me studentar skal ha tilhøve) der me fekk frukost og vart fordelte på leiligheter.

Eg, og ein hyggeleg kar som heitter Anders, skal dela ein leilighet i avenidaen Chile, hus nr 969. Eg trur det ligg i San Telmo. Fint er det i alle fall. Eg har fått meg eit stort rom, med det som for meg er ein uvand, men eksotisk utsikt. Her skal eg altså bu dei neste tri månadane. Eg gler meg!

Eskil

Advertisements