Det kjennes utruleg rart å skrive det, men dette er altså vår siste dag her i Buenos Aires. Det vil sei, på ei stund i alle fall. Nokre av oss kjem jo tilbake etter backpackinga. Men alle menneska vi har vore rundt kvar dag no i tre måneda kjem vi jo ikkje til å sjå igjen her i Buenos Aires, vil eg tru. Triste greier. På den andre sida har alle bestått muntleg eksamen og nyter den deilige følelsen av fridom før vi får heime-eksamensoppgåva frå litteraturen. Dei siste dagane har gått til seine kveldar med god vin og sushi, nattklubbar i Recoleta og barar i San Telmo. I kveld har kulturstudier leigd den koselig baren her i San Cristobal, og det blir ein heidundrandes avslutningsfest for alle Buenos Aires-elevane med live band og god mat. Eg merkar det skal bli deilig å komme seg litt vekk frå storbylivet og sjå og oppleve nye lender og strender. Men Gud, Buenos Aires er verkeleg ein fantatsisk by, og eg er evig takknemmeleg for at eg skal tilbringe enda eit semester her etter jul.

– Christine

Advertisements