Dei siste to helgene har vore fargerike og intense. Forrige helg var det nemleg Gay Parade her i byen, noko som fekk alle til å krype ut av skapet og bort til Plaza de Mayo, der alt gjekk for seg.


Véret var deilig og varmt, og ein kunne gå rundt i boder og kjøpe fine ting. Der var òg eit slags eksperimentelt band som spelte. Sjukt bra stemning!


Sukkerspinn er definitivt poppis på dei store begivenhetane i Bs.As.

Tansvestittar òg:

Dei kulaste kostymene!!


Denne helga var det forøvrig dekka for ei ny kostymerunde, for då var nemleg den store ravefestivalen Creamfields på agendaen.

 

Til tross for at musikken festivalen presenterte eigentleg ikkje er min type musikk i det heile tatt, vart det sjølvsagt ein fantastisk kveld med desse antrekka! (vi raida den lille jalla-shappa på san juan og kjøpte alt som inneholdt lyspærer og glitter, berre sjå på brillene mine. eg trur kanskje den søte, gamle mannen som driv den tjente rundt ei vekeslønn på alt vi handla inn.)

– Christine

I morgon har eg muntleg eksamen, og det blir nok litt spennande. Vi får håpe det går. Det trur eg nok. På laurdag seier vi takk og farvel til Buenos Aires for denne gang og vender snuten mot Nord-Argentina, Bolivia og Peru.

Advertisements