ENDELEG har vi fått sommar. Det ser ut som dei varme dagane er her for å bli. Dei siste dagane har vi vandra rundt i sommerklé og kosa oss med god frukt og is i sola. Mykje har skjedd sidan sist: Vi har omsider reist på Malba, det moderne, internasjonale kunstmuseumet i Palermo, vi har vore på konsert på ein bar vi aldri hadde høyrt om og som låg rett ved Pichinchahuset, noko som verkeleg var ein god nyhet. Ellers har vi pugga mykje gramatikk og hatt ein prøve-eksamen som eigentleg var ganske vanskeleg, men som hjalp å få ei oversikt over kva vi kunne og ikkje til neste veke og den riktige eksamen.

Forrige vekes største høgdepunkt, however, var å ta del i den enorme demonstrasjonen ved Plaza de Mayo då den tidlegare presidenten Kirchner døydde. Det var både for og mot demonstrasjonar, og eg trur eg aldri har sett så mange folk på ein plass før.


Turistar i demonstrasjon.


Peace and love.

 


Vi vart svoltne og kjøpte den største rip-off hamburgeren i historien. Mannen bak grillen ropte «Super-duper-hamburgésas», og vi tenkte HEI, det må vi jo prøve. Eit tørt brød og ein kjøttklump vart servert, men vi fekk ta på ketchup.

 


I dag har vore ein fabelaktig dag. Det har vore deilig varm sol, og ferske fersken (høhø) til frukost. Silje og eg vandra til San Telmo for å sjå på ei leilighet til neste semester. Den var fabelaktig! Og eg ser veldig for meg at eg bur der neste år!Vi såg forresten ein mann som bar ei heil slakta ku på ryggen:

Deretter bar det avgårde til Florida saman med Sigurd og Anna. Vi skulle nemleg hente billettar til Fuerza Bruta, som er eit slags sirkus-show vi skal på i morgon, det blir så GØY! Deretter vart vi svoltne og reiste på ein tysk bar-restaurant. Det lova eigentleg dårleg frå byrjinga av då Anna skulle på toalettet og fann ei naken, gammal dame der. Det heile fortsatte med ein bitter-på-livet kelner som vi (nok ein gong) bestilte hamburger frå. Hamburgerlykken strakte ikkje til denne gongen heller, og vi fekk servert ein kompakt klump (visstnok hamburgerkjøtt) med ein gul saus av grønsaker:

Anna som er erfaren, konkluderte med at det smakte gamleheimsmat og då kunne vi ikkje anna enn å kjøpe oss soft-is, noko som var rein glede! Då vi kom heim  til vår ringe (og utruleg rotete) bolig i Pichincha, hadde eg gløymt at eg hadde booka meg ein massasjetime. Så for 150 kr fekk eg ein heil kroppsmassasje i 1 time og 15 minutt! Himmelsk!

I kveld blir det litt eksamensforberedelsa, middag (asado) og deretter heimekos med raudvin, ost og kanskje eit kjeks attåt! Buen fin de semana, todos!

Christine

Advertisements