Plutseleg merkast det at semesteret er i ferd med å gå mot slutten. Då den eine læreren i dag fortalte oss at vi berre hadde to forelesninga igjen før eksamen, trur eg det gjekk opp for dei fleste at tida i Buenos Aires snart er over. (Men heldigvis for meg, kjem eg tilbake til byen etter jul!) Vekene har gått slag i slag, og det er heilt utruleg rart at vi allereie har vore her i over 2 måneda. Vi har både opplevd og lært mykje, men no er det tid for siste innspurt, både fagleg, sosialt og kulturelt!

 


 

Denne veka har, som mange av vekene før, berre flydd forbi og ei ny veke, ein ny måndag, har allerede banka på døra. Forrige veke, (som forøvrig allereie virkar som eit gamalt kapittel) bestod av seine kveldar, øl og mange konsertar. På onsdag reiste eg og Sigurd, ein av gutane på huset, på Bar Guebara i San Telmo. Vi måtte betale 10 pesos i inngang, men fekk inkludert i billetten: ein gratis øl. Så får 15 NOK fekk vi altså ein halvliter og ein konsert med eit lokalt argentinsk band! Under konserten kom vi i prat med to jenter, der ho eine var peruiansk, og var med i eit band som spelte folklore fra Peru. Ho og bandet skulle spele i ei øde gate på laurdag og inviterte oss liksågodt dit.

På torsdag laga vi oss eit godt måltid og kjøpte inn lokal kvitvin og satte oss rett utfor rommet vårt i det fine hagepartiet. Deretter blei eg med nokre av mine nye argentinske kompisar på ein konsert på eit hotell kalla Faena. Det var nok litt for lukseriøst for min smak der eg kom med blomsterbukse og skinnjakke, men konserten var kul og champagnen dyr (les: 8000 kr. Sjuke folk). Ein av dei argentinske gutane hadde visst jobba på hotellet tidlegare, så det var difor vi kunne komme dit og få gratis inngang.

på laurdag var det som sagt duka for peruiansk folklore, og taxisjåføren måtte springe inn på butikkar og kioskar undervegs for å spør om vegen. Då vi endeleg kom fram til den forlatte plassen, opna heldigvis nokon (noko som kunne likne på) ei dør, og vi kom inn i ein koseleg bakgård med klessnor og ein bitteliten heimesnekra bar. I det opne rommet ved siden av spelte bandet, sjølvsagt ganske mange timar seinare enn antatt. Veldig seint, men veldig kult! Eg fekk dessutan for første gong sansen for den argentinske drikka Fernet, som eigentleg smakar hostesaft, but when in Rome…

Resten av helga gjekk med til litt lekser, ein fantastisk Asado (argentinsk grill) på terassen og ein tur i ein av dei lokale parkane:

– Christine

Advertisements