Forrige lørdag var det duka og dekka for kostymefest på pichinchahuset. Nesten alle elevane ved kulturstudier møtte opp i det store kjøkkenrommet der vi fekk servert punsj av arrangørane. I tillegg vart Silje 20 år over midnatt, så det vart litt ekstra feiring.


Fredrik som The Joker. Han reiste faktisk ut med kostymet seinare på kvelden og gjorde mange argentinarar glade!

Eg som ravedronning og Henriette som noko etnisk, trur eg.


Anna og Josef som sterke representantar til ravekvartetten.


Det siste ravemedlemmet vårt, Axel, og Helena som Tingeling.


Kleopatra var der!


Marianne i hijab tykte det var litt usømmeleg at Ida gjekk i gutekle.


Einar var der sjølvsagt, som partysvenske.


Rave to the grave.


Facebook oppdaterte stautsen gjevnleg, og lånte til og med vekk maska si til Marianne som var trøytt av hijab.


Silje (som minnie mus-bursdagsbarn) ser ut til å ha en heftig dansebattle med Fanny, the pirat.

 

Seinare reiste vi til Kika, ein nattklubb i Palermo. Litt tidleg på kvelden (les: 01.30) kom ein seg greitt fram og tilbake i lokalet. Men når alle argentinarane forlot førfestane sine og kom rundt halv tre, vart det heilt umuleg å bevege seg, noko som eigentleg var litt synd, sidan eg og Anna akkurat hadde fått armband til VIP-området.

Ellers har det vore mykje skule denne veka. Ny gramatikk, ny litteratur, tilbakemelding på essayet, der nokon stod… og nokon ikkje stod. Vi har vore på ein fantastisk indisk restaurant i Palermo kalla Tandoor (tikka masalaen var fabelaktig), sjekka ut nye barar, snakka med nye folk og fått fleire nye vener. Eg og Anna har vore i Mar del Plata, som var eit rart, men morsomt eventyr, og Silje og Helena har vore i Uruguay hos familievener til Carina.

Christine

Advertisements