Då var det helg igjen. Ser ut til at det er då det blir tid til blogging. På onsdag tok Josef, Axel og eg ein liten impulstur ut på byen. Det er deilig å kunne gjere sånn, når ein byrjar halv tolv på skulen dagen etter. Vi var på evig leit etter ein bar Josef hadde høyrt om, og eg har ikkje tal på kor mange personar vi spurte og kor mange kvartal vi gjekk feil. Men plutseleg, då vi eigentleg hadde tenkt å reise heim att, såg vi eit Quilmes-skilt, og vi tenkte: dit går vi! Utfor inngangen til noko som såg ut som ein slags bakgård, stod det to vakter som spurte om vi var på lista, vi sa nei. Så spurte dei om vi hadde legitimasjon på oss, vi sa nei. Underlig nok var responsen til dette: «ok, you can come in, but next time, NO tennis shoes». Trur Axel følte seg truffe. Det var den merkelegaste festen eg har sett i mitt liv. 100 dansane 28+ i eit lagerhus med store diskokuler i taket. Etter ei lita runde i lokalet gjekk vi til baren tvers over bakgården som såg meir ekslusiv ut enn noko anna, og ein kunne kjøpe champagne til 1400 pesos (2100 kr). Så vi kjøpte ein lten drink kvar, kjøpte pizza på veg heim og var ikkje heilt sikre på om det hadde vore ein suksess eller ikkje. Morosamt var det i allefall.

I går, på fredag, reiste eg og Anna til Retiro busstasjon for å kjøpe billettar til Mar del Plata til langhelga som kjem. Det var visst heilt umuleg. Vi blei sendt vidare fire gonger i nye retningar kvar gong. I tillegg var visst den suraste dama i heile Buenos Aires plassert i togbillettluka, og ho nekta å selge oss billetta fordi vi ikkje hadde med oss passet vårt. Heldigvis fekk vi ordna det two blocks away, på busstasjonen. Så neste fredag reiser vi med dobbeldecker til Mar del Plata, ein kystby 5 timar frå Buenos Aires. Vi tok oss deretter ein liten tur til jødedistriktet Once og fekk kjøpt dei grusomaste t-skjortene til kostymefesten i kveld. Anna og eg og to til skal vere eit raveparty. (bilder kjem)

Når kvelden kom til Pichincha, var det dekka opp for vinkurs til dei påmelde. Vi stilte sjølvsagt opp, og vi fekk lære om dei forskjellege vintypane. Blant anna kvifor vinen frå nord var bitrare i smaken på grunn av det tjukke skalet druene har, kvifor vinglasa ser ut som dei gjer, og korleis ein skal få det meste ut av smaken når ein drikk vinen. Veldig interessant.

– Christine

Advertisements