Det eg kanskje synes er det mest fantastiske ved å bu i ein storby som denne er å kunne oppleve omtrent ka enn du vil, til kva tid som helst. Og når ein har så mykje skule og så mykje lekser som vi har, er det viktig å kose seg litt innimellom. På onsdag var vi for eksmpel på Gran Bar i Recoleta. Det er ein fantastisk flott bar/restaurant som er kjend for dei aller beste drinkane. Ryktet var sant. Eg bestilte meg ein mojito superhighball med kanel, og den smakte heilt hinsides godt. Seinare fekk vi høyre at baren er kjend for å romme businessmenn og «gold diggers». Eg veit ikkje heilt kva kategori eg hamna under, men vi møtte i alle fall mykje kjekke folk. Blant anna eit «par» (det vil sei, dei hadde møtt kvarandre same kvelden, men dei oppførte seg som om dei var nygifte og nyforelska). Dei var rundt førti år og var veldig interesserte i å lære meg spansk. Litt seinare møtte eg to argentinarar som var utdanna og arbeida som ingeniør og psykolog, så ein forstod at dette kanskje var ein slags overklassebar, i allefall når dei inviterte oss med til feriehuset til psykologen sør i landet, og på segltur i Tigre med seglbåten til kameraten deira.

(Eit bilete av baren eg henta frå google, berre.)

Ellers har vi vore på teater denne veka. Det var faktisk den eine spansklæraren vår, Luciana som tipsa oss. Ho har hovudrolla i stykket, og det vart virkeleg ein utruleg kul opplevelse. Lokalet var kanskje det eg likte aller aller best. Ein gjekk inn ein smal, smal gang, betalte, og gjekk vidare innover. Då ein hadde runda to hjørner, kom ein til ein liten bar, der ein oransje, supertam katt gjekk rundt på disken. Vi kjøpte ei flaske fantastisk raudvin til 40 kr som vi fekk ta med oss inn under forestillinga.
No er det endeleg fredag, og eg har pugga og gjort lekser i mange timar etter skulen, og kan snart ta helg med god samvittigheit!

Christine

Advertisements