I går sat eg og Anna nesten heile ettermiddagen med essayet som skal inn på måndag. Så når kvelden kom, tenkte vi vi måtte unne oss litt fine ting. Det første vi gjorde var å reise på Circo Negro, som er eit moderne sirkus med akrobatikk, dans, lysshow og musikk. Heilt fantastisk!


Sjølve lokalet var sjarmerande shabby, med gamle sofa og lenestolar publikummet kunne sitte i under forestillinga.

(eg fotograferte halvegs i smug og prøvde å lage så lite lyd som muleg:)



Circo Negro

Etter ein heilt storslagen time med sirkuset var vi kjempesvoltne, og bestemte oss for å prøve ein av dei «fine» restaurantane i Costa Rica, Miranda.



For å feire kvelden litt ekstra bestilte vi champagne.


Eg og Anna bestemte oss for å dele maten vår, så vi skulle få det meste ut av måltidet. Ho bestilte prime ribs og eg bestilte flank steak. Eg kan ikkje beskrive kor intenst godt det var.


Dessutan var heile atmosfæren i restauranten utruleg behagelig, og lokalet var veldig fint. Vi kunne til og med sjå kvar dei laga all den gode maten.

Etter denne fabelaktige og eigentleg komplette kvelden, var vi likevel gira på å komme oss ut litt. Så etter nokre timar tilbake på huset, reiste vi ut igjen rundt halv to. Anna og eg + 3 av gutane på huset bestemte oss for å ta ein ny bar crawl runde på eiga hand. Målet var å vere innom 5 barar/nattklubbar før vi reiste heim att. Eg må dessverre rapportere at målet ikkje vart nådd, fordi klokka vart for mykje etter den 4. baren, og alt var i ferd med å stenge. Så rundt fem om morgonen kasta vi oss i ein taxi og drog heim att til vårt kjære hus i Pichincha der eggerøre og pasta vart ein stor suksess! No (når alle byrdar er av våre skuldrar, les: essay) tenkte vi vi skulle utnytte anledningen til å fortsette våre eventyr. Dagens mål er La Boca, som vi enda ikkje har besøkt.

Christine

Advertisements