I dag tok vi turen til Florida, Buenos Aires’ svar på Karl Johan (opphøgd i sjette). Vi handla litt på Zara, og ellers var alt skinn- eller latexbelagt og veldig dyrt, eller veldig jalla. Vi hadde på førehand bestemt oss for å aldri (eller berre i krisesituasjonar) ete på McDonalds. Likevel braut vi den regelen ganske med det same (skammeleg). Men det var ein krisesituasjon, då vi ikkje hadde ete sida frukost, så…

Deretter vandra vi gatene, glade og fornøgde og fekk ta del i eit veldig rart tango-skodespel med dei markelegaste kulissane:

Vi gjekk og gjekk, og vart meir og meir overtrøtte. Natt til i dag sov vi berre 4 timar, fordi utelivet er så sjukt. Nattklubane opna ikkje før eitt om natta, så vi reiste ut i halvto-tida og kom ikkje heim før fem, når frukosten vart servert klokka ni, torde vi ikkje anna enn å møte opp. Vi var dei einaste.

I kveld skal vi på ein elektronikakonsert akkompagnert med trommer, så det kan nok bli rimelig kult!

Til slutt, nokre bilder frå det vakre huset vårt:


Inngangspartiet.


Rett utfanor soverommet vårt har vi desse koselege hagemøbalane.


Badet vårt.


Tv-stova.


Heilt på toppen i tredje etasje har vi eit stort kjøken vi et frukost og middag.


Resten av kjøkenet.


Også det perfekte soltaket vi kjem til å bruke altfor mykje når det blir litt varmare. Akkurat no er det faktisk kaldare her enn i Noreg, så nettene har vore prega av litt hutring og diverse fleecegensarar.

Om nokre veker blir det nok varmt nok til å kunne gå med kjolar, skjørt og shorts utan strømpebukse.

Christine

Advertisements