Etter ei lang reise som for meg byrja tirsdags morgon klokka sju, kom eg omsider fram til Pistarini, flyplassen i Buenos Aires i dag tidleg. Etter ein time venting ved bagasjebeltene, kom endeleg Helena, Silje og Anna. Det var fantastisk å sjå dei att og samstundes vite at vi har åtte fabelaktige, argentinske månadar i vente.

Etter bagasjehenting stod Christian, feltsjefen, med et lite skilt: «Kulturstudier» høgt heva, og køyrde alle elevane i ein minibuss til huset vi skal bu i: Pichincha!


Ein ny ven: Aksel frå Asker.


Lurifaksar!


Vel framme på studenthuset, som ligg i gata «Pichincha», fekk vi romfordelinga. Huset er SÅ fint! Det er heilt i Argentinsk stil (trur eg), med vakre hagemøblar og takterasse. Det kjem bilder i morgon!


Etter innkvartering og avslapping gjekk vi oss ein liten tur for å sjå på nabolaget. Her køyrer folk med madrasser på taket.


Vi fann ein koseleg, liten restaurant på eit gatehjørne der vi vart servert nydeleg pasta de pollo + argentinsk vin. Men vi innsåg raskt at vi burde ha lært oss litt fleire spanske gloser enn SI og NO og GRACIAS. Det ei aning problematisk å forstå både menyen og servitrisen på spansk. Tilsaman betalte vi absurde 180 kr.


Etter middagen tok vi oss ein tur på den lokale supermarknaden. Silje demonstrerar elegant at vinen i Argentina berre kostar 10-15 kr flaska.

Snart skal Vanessa, ei av damene som jobbar hos kulturstudier, koke middag til oss. «It’s your house, you enjoy».

Christine

Reklamer